top of page

TENESTER

spisegruppe i naturlege materialar, lun stemning, lingardiner, kaffikopp, planteikningar og vase med grøne greiner

Hjelp til vala
som formar heimen.

Frå konkrete råd i eitt rom til heilskapleg interiørdesign. Du vel kor mykje hjelp du treng – eg hjelper deg å finne ei løysing som passar både prosjektet, heimen og deg.

​

FINN TENESTA SOM PASSAR DEG ↓

KVA TRENG DU HJELP TIL?

Du treng ikkje vite kva teneste du skal velje.
​

Nokre treng berre eit par erfarne auge og ei tydeleg retning.

Andre ønskjer konkrete forslag, visualiseringar eller hjelp gjennom eit større prosjekt. Tenestene er laga slik at du kan velje det nivået av hjelp som passar deg.

01

For deg som står fast i nokre val og treng konkrete råd, nye auge og ei tydeleg retning vidare.

02

Eg ønskjer konkrete forslagFor deg som ønskjer meir enn gode råd – med konkrete forslag til fargar, materialar og løysingar.

03

For større prosjekt der fleire rom, funksjonar og val skal fungere saman som ein gjennomtenkt heilskap.

01 — Interiørveiledning

Du treng ikkje endre alt.


Du treng å vite kva som faktisk gjer forskjellen.

​

Der kjem eg inn – med faglege råd, nye auge og ei tydeleg retning vidare.

​

For deg som står fast i eitt eller fleire val og ønskjer konkrete råd før du går vidare. Saman ser vi på rommet, behova dine og kva grep som vil gi best effekt – både funksjonelt og visuelt.

Du kan få hjelp med:


fargar og materialar · møblering og romløysing · belysning og tekstilar · sortering av idear og alternativ · kva du bør prioritere vidare.

​

​Frå 2 990 kr

​

​

​

Lun stove i beige og varme jordtonar med mjuke tekstilar
Materialprøver, planteikning og fargeval til interiørprosjekt

02 — Interiørveiledning Plus

​​Du har kanskje mange idear.
Eg hjelper deg å samle dei til ei tydeleg retning.

​

For deg som ønskjer meir enn sjølve veiledninga og vil sitje igjen med konkrete forslag å arbeide vidare med.

​

Etter samtalen jobbar eg vidare med løysingar tilpassa rommet, stilen din og budsjettet. Det kan vere forslag til fargar, materialar, møblar og produkt – slik at vala heng saman og blir enklare å gjennomføre.

​

Kan til dømes innehalde:


farge- og materialforslag · konkrete møbel- og produktforslag · moodboard/konsept · enkle visualiseringar · innkjøpsforslag

Frå 6 990 kr

​

03 — Heilskapleg interiørdesign

Når fleire rom og mange val skal fungere saman, treng du ein plan for heilskapen.

​

For større prosjekt, oppussing eller nybygg der du ønskjer hjelp til meir enn enkeltståande val.

​

Eg utviklar ei gjennomtenkt retning for prosjektet med fokus på planløysing, funksjon, materialar og uttrykk. Målet er at romma skal fungere saman – både i kvardagen og visuelt – og at du skal kunne ta vala i riktig rekkefølgje.

​

Prosjektet kan etter behov omfatte:


konsept og stilretning · planløysing og møblering · fargar og materialar · kjøkken- og baderomsval · belysning · møblar og produkt · visualiseringar · innkjøpshjelp og oppfølging

​

Pris etter omfang

​

 

Kjøkken i varme naturtonar med mørkt treverk og lyse flater

Treng du hjelp med berre ein del av prosjektet?

Eg kan hjelpe deg akkurat der du treng det – stort eller smått.

Fargar & materialar · Planløysing · Møblering · Belysning · Innkjøp · Tekstilar & dekor · Styling · Visualisering

Interiørdetaljar med keramikkvase, bøker og grøne greiner

SKAL DU SELJE ELLER HAR DU KJØPT NY BUSTAD?

​
  JHG Boligreisa

​Eg kan også vere med gjennom fleire delar av bustadreisa – frå førebuing før sal, til å sjå moglegheitene i ein ny bustad og skape ein heim når du har flytta inn.​​​​​

KUNDANE FORTEL

Når vala blir litt enklare.

«Vi har følt oss ivaretatt og trygge gjennom hele prosessen.»

​

JHG Design tok raskt våre innspill og kom med flotte, moderne og effektive løsninger som passet oss veldig bra. Vi opplevde Janne som profesjonell, dyktig og enkel å samarbeide med.

Alvhild

«Ho ser moglegheiter der ein sjølv ser avgrensingar.»

​

Ho hjelpte oss med å velje fargar og løysingar ut frå vår stil og vårt budsjett, og var heile tida opptatt av at me skulle kjenne oss igjen i forslaga.

Sigrun

«Det var fint å kunne starte på malejobben og vere trygg på at resultatet ville bli bra.»

​

Janne forstod kva me var ute etter og gav gode råd til fargar som me ville trivast med, og som passa inn med resten av huset.

Jane

Klar for neste steg?

Har du eit prosjekt du går og tenkjer på?

Du treng ikkje ha alle vala klare før du tek kontakt. Fortel meg litt om prosjektet ditt, så ser vi saman på kva du treng hjelp til og kva som kan vere neste steg.

bottom of page