top of page
OM JHG

Hei, eg er Janne.

Interiørdesigner med blikk for heilskap, menneska som skal leve der –
og vala som gjer ein heim personleg, harmonisk og gjennomtenkt

Janne, interiørdesigner og grunnleggar av JHG Design

Interiør handlar om meir enn korleis ein heim ser ut.

For meg handlar god interiørdesign om å forstå menneska som skal bu der. Korleis kvardagen fungerer, kva dei trivst med, kva som allereie fungerer – og kva som manglar for at heimen skal kjennast rett.

​

Eg likar å sjå heilskapen, sortere moglegheitene og gjere vala enklare. Målet er ikkje å følgje ein bestemt stil eller trend, men å skape løysingar som fungerer over tid og kjennest personlege for dei som skal leve med dei.

​FRÅ IDE TIL HEILSKAP

Erfaring frå fleire delar av prosessen.

Eg er utdanna interiørdesigner og har erfaring frå kjøkkenbransjen, der eg arbeidde med planlegging og teikning av kjøkken. Gjennom eigne bygge- og oppussingsprosjekt har eg også erfaring med prosessen frå tidlege val og planlegging til ferdige rom.

​

I dag arbeider eg med interiørdesign, rådgiving og boligstyling gjennom JHG Design, og underviser også innan interiørdesign.

INTERIØRDESIGN

Eg skaper heilskaplege løysingar som er vakre, funksjonelle og tilpassa dykk.

PLANLEGGING

Eg ser romma i samanheng og sikrar gode løysingar frå idé til ferdig resultat.

RÅDGIVING

Eg gir klare råd og hjelp til å ta gode val – med tryggleik heile vegen.
MIN FILOSOFI

"Ein heim skal ikkje berre vere fin å sjå på.
Han skal kjennast rett å vere i."

01

· Eg ser heilskapen

Fargar, materialar og funksjon skal fungere saman.

· Eg gjer vala enklare

02

Du får ei tydeleg retning og færre val å tvile på.

03

· Eg tek utgangspunkt i deg

Heimen skal spegle menneska som skal leve i han.
KUNDEN FORTEL

«Det gjer at ein føler seg trygg og forstått heile vegen.»

 

«Janne si kunnskap, evne til å sjå heilskap og koma med kloke og faglege råd er til stor inspirasjon. Ho ser moglegheiter der ein sjølv ser avgrensingar, og ho kjem alltid med gode innspel og konstruktive tilbakemeldingar.»

​

Elisabeth

HAR DU EIT PROSJEKT DU GÅR OG TENKJER PÅ?

La oss sjå på moglegheitene saman.

Fortel meg litt om kva du ønskjer hjelp til, så finn vi ut kva som kan vere neste steg.

bottom of page