
INTERIØR SOM GJER EIN FORSKJELL
JHG BOLIGREISA
Med deg – heile vegen.
Frå dei første tankane om sal, til vala i ein ny bustad og vidare til heimen som skal bli din.
MEIR ENN EIT KJØP OG EIT SAL
Ein bustadreise består av meir enn sjølve kjøpet og salet.
Behova endrar seg undervegs. JHG Boligreisa gir deg tilgang til interiørfagleg hjelp i dei delane av prosessen der du faktisk treng det.

01
Før sal:
Gjer bustaden klar for neste kapittel
Eg hjelper deg med rådgiving, prioritering og konkrete tiltak før foto og visning. Små grep kan gjere stor forskjell – og bidra til eit sterkare førsteinntrykk.
Ny bustad:
02
Sjå moglegheitene og ta gode val
Eg hjelper deg å sjå potensialet i den nye bustaden, vurdere løysingar og ta trygge interiørval. Slik får du ein heim som passar deg – frå start.
KUNDEN FORTEL
«Ved å nytta Janne fekk me ein raud tråd i fargar og ein ro på at det var riktige val.»
Kristina & Thomas
Hjelp til farge- og materialval i ny bustad


03
Ein ny heim:
Skap ein heim som varer
Eg hjelper deg med fargar, materialar, møblering og detaljar som bind den nye bustaden saman til ein lun og personleg heim. Ein heim du trivst i – kvar einaste dag.
KUNDEN FORTEL
«Ho har verkeleg auge for deg og det du likar.»
«Ho ser deg, les deg og kjem fram til eit resultat som passar deg ut frå det du har ønska. I tillegg har ho fokus på kvalitet innanfor rimelege rammer. Ho ser løysingar på det du ikkje sjølv ser eller tenkjer på.»
Aud Elisabeth
Frå ny bustad til ein heim som kjennest deira

