
PROSJEKT · EIGEN HEIM
Kjøkken med personleg preg
Eit kjøkken teikna frå grunnen – med funksjon, materialar og kvardagsliv som utgangspunkt.
UTGANGSPUNKTET
Frå planteikning til ferdig kjøkken.
Då vi bygde huset vårt for tre år sidan, var eg og mannen min prosjektleiarar gjennom byggeprosessen. På den tida arbeidde eg på eit kjøkkensenter, og eg teikna kjøkkenet sjølv med utgangspunkt i korleis vi ønskte å bruke rommet i kvardagen.
Kjøkkenet vart planlagt som ein naturleg del av opphaldsrommet – med fokus på gode arbeidsflater, flyt, oppbevaring og eit uttrykk som skulle halde seg over tid. Vi monterte også kjøkkenet sjølve.

Skisse: Fra kjøkkenleverandør Sigdal Kjøkken. Teikna av Janne H Gjerde

VISUALISERING
Visualisering: Interiørdesign og designforslag: JHG Design
01
· Funksjon først
Planløysinga vart teikna med tanke på gode arbeidssoner, oppbevaring og ein naturleg flyt gjennom kjøkkenet.
MINE VIKTIGASTE GREP
02
· Materialar med varme
Treverk, lyse flater og gjennomtenkte kontrastar gir kjøkkenet varme og karakter utan at uttrykket blir tungt.
03
· Kjøkkenet som del av heimen
Målet var ikkje å skape eit rom som stod for seg sjølv, men eit kjøkken som heng naturleg saman med resten av bustaden.
FLEIRE GLIMT FRÅ PROSJEKTET
Detaljane som bind kjøkkenet saman

Funksjon og arbeidsflyt

Integrerte løysingar

Materialar og tekstilas

Personlege detaljer
Eit godt kjøkken startar lenge før frontar og benkeplate skal veljast.
Det startar med korleis rommet faktisk
skal brukast.
For meg handlar kjøkkendesign om balansen mellom funksjon og uttrykk – å finne ei løysing som fungerer godt i kvardagen og samtidig kjennest som ein naturleg del av heimen.
